Hopp til hovedinnholdet
www.matematikk.org

To strekar under svaret

Spørsmål:

Ragnhild, 9 1/2

Kven fant opp strek under svara?

Svar:

Hei, Ragnhild!

Dette var eit særs godt spørsmål, men det synes vanskeleg å finne eit godt svar til deg. Eg har spurt mange matematikarar om hjelp og her er det vi har kome fram til så langt: Førebels er det ingen av oss som har klart å finne ut kven som fann opp strek under svara. Vi veit ikkje om det var ein person åleine heller, men vi veit at vi ikkje er åleine om å gjere det her i Noreg. I til dømes Danmark, England og Tyskland sett dei strek under svara, mens i Russland og Amerika gjer dei ikkje det. Vi har og leita i gamle, trykte lærebøker for å sjå om dømene der nyttar strek under svara – det varierar. Det kan ha vore vanskelig for boktrykkarane å få til å settja strekar, vi veit ikkje heilt. ( Vi har sett i bøker tilbake til ca. år 1900.) Det vi veit er at dei to strekane under sluttsvaret gjer det lettare for den som les utregninga kva oppgåveløysaren meiner er svaret. Så det kan hende at strekane har kome inn som eit krav til rett og oversiktleg føring av eit svar. To av dei spurde matematikarane hadde tatt vare på regnebøker etter sine besteforeldre, og i desse var det to strekar under svara. Besteforeldra gjekk på skule omkring 1910. Vi har i alle fall nytta strek under svara lenge.

Vennlig hilsen,
Oraklet

Hopp over bunnteksten