www.matematikk.org

Målgruppe:

6. trinn

Vinklar og trekantar

La elvane bli kjend med vinkeltypane spiss, rett og stump vinkel. La elevane bli kjend med rettvinkla, likebeina og likesida trekantar. La elevane bli kjend med korleis ein reknar ut omkrins og areal av firkantar og trekantar.

Lærerens instruksjoner


Start med å visa elevane kva ein vinkel er – 2 linjer som går ut frå same punkt.

La elevane jobbe ein og ein, bruk geobrettet.  Be elevane lage så mange forskjellige vinklar dei klarar. Teikn vinklane på eit notasjonsark etterpå. (Her har vi bruka geobrett og notasjonsark med 5x5 prikkar, sjå vedlegg for kopieringsoriginal for notasjonsark.)

Legg dei ulike geobretta på overheaden.  Samanlikna dei ulike vinkeltypane elevane har laga, introduser begrepa: spiss, rett og stump vinkel.

Be elevane laga til dømes 4 ulike spisse, stumpe og rette vinklar.

Be elevane ta eit nytt ark og la dei lage ulike figurar med spisse, stumpe og rette vinklar.

  • Lag ein 5-kanta figur med 1 rett vinkel, 1 spiss vinkel og 3 stumpe vinklar.
  • Lag ein 8-kanta figur med 0 rette vinklar, 1 spiss vinkel og 7 stumpe vinklar.
  • Lag ein 6-kanta figur med 2 rette vinklar, 0 spisse vinklar og 4 stumpe vinklar.


Be elevane om å gjere vinklane dei laga tidlegare om til trekantar.

  • Kor mange ulike trekantar kan du laga?


Legg igjen geobretta på overheaden. Sett namn på trekantane, framhev likesida, likebeinte og rettvinkla trekantar.

  • Kan du laga trekantar med 1 prikk inni (sjå på geobrettet), med to prikkar, ...?
  • Kva er det største antal prikkar du kan ha inni ein trekant?
  • Kva slags trekant er dette?
  • Kva slags trekant var vanskelegast å laga? Kvifor?


Jobb med omkrins og areal av ulike figurar på geobrettet.

  • Lag ein firkant med omkrins 4.
    • Kva slags firkant/firkantar er dette?
    • Kva er arealet av denne firkanten.
    • Del firkanten i to slik at du får to like trekantar. Kva er arealet til ein av desse trekantane?
  • Lag ein trekant med areal 2.


Gje elevane mange slike oppgåver, og hugs at alt bør noterast på notasjonsarket/prikkarket så dei har dette til seinare.

Elevens oppgaveark

Lag ulike figurar med spisse, stumpe og rette vinklar:

  • Lag ein 5-kanta figur med 1 rett vinkel, 1 spiss vinkel og 3 stumpe vinklar.
  • Lag ein 8-kanta figur med 0 rette vinklar, 1 spiss vinkel og 7 stumpe vinklar.
  • Lag ein 6-kanta figur med 2 rette vinklar, 0 spisse vinklar og 4 stumpe vinklar.


Gjer vinklane om til trekantar

  • Kor mange ulike trekantar kan du laga?

Sett namn på trekantane, framhev likesida, likebeinte og rettvinkla trekantar.

  • Kan du laga trekantar med 1 prikk inni (sjå på geobrettet), med to prikkar, ...?
  • Kva er det største antal prikkar du kan ha inni ein trekant?
  • Kva slags trekant er dette?
  • Kva slags trekant var vanskelegast å laga? Kvifor?


Jobb med omkrins og areal av ulike figurar på geobrettet.

  • Lag ein firkant med omkrins 4.
    • Kva slags firkant/firkantar er dette?
    • Kva er arealet av denne firkanten.
    • Del firkanten i to slik at du får to like trekantar. Kva er arealet til ein av desse trekantane?
  • Lag ein trekant med areal 2.

Hugs at alt bør noterast på notasjonsarket/prikkarket!

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i matematikk fellesfag

  • Etter 7. årssteget
    • Geometri
      • analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og beskrive fysiske gjenstandar innanfor daglegliv og teknologi ved hjelp av geometriske omgrep
    • Måling
      • gjere overslag over og måle storleikar for lengd, areal, masse, volum, vinkel og tid og bruke tidspunkt og tidsintervall i enkle berekningar, diskutere resultata og vurdere kor rimelege dei er
      • forklare oppbygginga av mål for lengd, areal og volum og berekne omkrins, areal, overflate og volum av to- og tredimensjonale figurar

Når, hvor og hvordan

  • Klassesituasjon

    blanding av diskusjon i klassa og at elevane jobbar ein og ein

  • Utstyr

    geobrett, strikkar og notasjon/prikkark

  • Tidsbruk

    2 timer

  • Valg av tidspunkt

    Som innleiing til vinkelnavna spiss, stump og rett, introduksjon til likebeint, sikesida og rettvinkla trekantar. Utrekning av omkrins og areal

Skrevet av

Elisabeth Aksnes
Elisabeth Aksnes

Institusjon

Bryne skule

Eksterne lenker

  • Geobrett

    Nasjonalt Senter for Matematikk i Opplæringen har meir informasjon om geobrett.
    (matematikksenteret.no)