www.matematikk.org
Trinn 8-10Elever Trinn 8-10Lærer Trinn 8-10Foresatt

Matteknekker'nMatteknekker'n

Matteknekker’n er spelet for deg som er elev i vidaregåande skule eller nybegynnarstudent på universitet eller høgskule. Her kan du teste viktige og nødvendige kunnskapar, og få tilbakemelding på svara du vel!

Oppgåvene er delt inn etter tema, og valg av ønskt tema startar spelet i eit nytt vindauge. Ein omgang består av 15 oppgåver av ulik vanskegrad. Det kan vere lurt å ha penn og papir lett tilgjengeleg.

Oppgåvene er fleirvalsoppgåver med fire svaralternativ der nøyaktig  eitt svar er riktig. Riktig svar på ei lett, middels eller vanskeleg oppgåve gjev henholdsvis 1, 2 eller 4 poeng, og for feil svar eller ingen svar trekkast det eitt poeng. Klarar du å oppnå 25 poeng, får du eit bevis på at du er ein Matteknekkar!

Ønsker du større utfordring, slå på klokka og finn ut kor lang tid du  brukar på å løyse eit oppgåvesett!

Er du elev i videregåande skule, utfordr deg sjølv ved å prøve deg på oppgåvene for nybegynnarstudentane!

Videregåande skule

Rekn ut sannsyn, finn funksjonsuttrykk og løys differensiallikningar! Sjå kor langt du kjem!

Algebra

Differensiallikningar

Funksjonar

Geometri

Komplekse tal

Sannsyn, statistikk og kombinatorikk

Universitet og høgskule

Her kan du bryne deg på oppgåver frå følgande nybegynnaremner på universitet og høgskular: MAT101, MAT121, MAT131, MAT111 og MAT112 ved Universitetet i Bergen, MAT1001, MAT1012, MAT1100 og MAT1110 ved Universitetet i Oslo og MAT-0001, MAT-1001, MAT-1002 og MAT-1004 ved Universitetet i Tromsø. Prøv og sjå kor langt du kjem!

Lineær algebra

Reell analyse

Reell analyse (byggjer på R2)