www.matematikk.org
Trinn 5-7Elever Trinn 5-7Lærer Trinn 5-7Foresatt

Målgruppe:

1. trinn
2. trinn
3. trinn
4. trinn
5. trinn
6. trinn
7. trinn

Pengespelet

Pengespelet vart til for å læra elevane forskjell på dei ulike myntane og setlane og det var ein suksess frå første stund. Iveren til elevane har gjort at eg kan bruka det til meir enn å læra dei dei ulike mynt- og setelverdiane.

Lærerens instruksjoner

Elevgruppa sit rundt eit bord. Læraren eller ein vaksen passar banken.

Før spelet vert det bestemt kva terning som viser einarverdien og kva terning som viser tiarverdien. Det er t.d. ein kvit og ein svart terning, der den kvite viser einarverdien og den svarte viser tiarverdien. Vanlege terningar kan nyttast. Då får ein summar på 11-66. Det går sjølvsagt òg an å bruka terningar frå 0-9.

Det må òg avtalast korleis spelet skal avsluttast. Det mest aktuelle er gjerne å spela på tid. Eller så kan ein spela eit visst tal rundar eller til den første eleven har nådd ein viss sum.

Ein svart terning (3) og ein kvigt terning (5). Verdien 35, dvs. 35 kroner.

1. runde: Første elev trillar begge terningane og les av verdien. På biletet er verdien 35, dvs 35 kroner. Eleven tek imot denne summen frå banken. Neste elev trillar begge terningane og tek imot pengar frå banken. Fortset slik til alle elevane har trilla og teke imot pengar.

2. runde: Første elev trillar terningane og tek imot på ny same sum som terningane viser. No skal summane frå båe rundar leggjast saman. Her er pengane til hjelp for å addera dei to summane. Når eleven har funne rett sum, får han eller ho i oppdrag å veksla inn i større einingar. 5 kroner vert til ein femmar, to femmarar til ein tiar osv. Kva valørar kan ein veksla inn i? Kven får veksla inn i høgaste valøren til no? Spelet er eit godt utgangspunkt for samtale både rundt rekning og verdiar.

3. runde: Fortset som i 2. runde.

Vinnaren er den som har den høgaste summen når spelet er slutt.

Variasjonar av spelet:

  • Når elevane er kjend med spelet, kan det vera lurt å leggja inn rundar med subtraksjon. Pass på at ingen kjem i minus! 
  • Lag ein plan på førehand, t.d. to rundar med addisjon og så ein runde subtraksjon. 
  • Eller start på eit høgt tal og bruk berre subtraksjon. 
  • Bestem òg om det er høgaste eller lågaste sum som skal vinna. 
  • Kanskje det er den som er nærast ein viss sum som vinn. Då vert det i tillegg ei utfordring å finna ut kven som er nærast! 
  • Det går òg an å prøva seg fram med fleire terningar. 

Lukka til!

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i matematikk fellesfag

  • Etter 2. årssteget
    • Tal
      • telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper opp til 100 og dele tosifra tal i tiarar og einarar
      • gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
      • utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er
    • Måling
      • kjenne att norske myntar og setlar opp til 100 og bruke dei i kjøp og sal
  • Etter 4. årssteget
    • Tal
      • beskrive og bruke plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
      • gjere overslag over og finne tal ved hjelp av hovudrekning, teljemateriell og skriftlege notat, gjennomføre overslagsrekning og vurdere svar
      • utvikle, bruke og samtale om ulike reknemetodar for addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal både i hovudet og på papiret
    • Måling
      • løyse praktiske oppgåver som gjeld kjøp og sal
  • Etter 7. årssteget
    • Tal og algebra
      • utvikle, bruke og diskutere metodar for hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning og bruke digitale verktøy i berekningar

Når, hvor og hvordan

  • Klassesituasjon

    Grupper på 2-5 elevar.

  • Utstyr

    Leikepengar. 2 terningar i ulike fargar.

  • Tidsbruk

    15 minutter

  • Valg av tidspunkt

    Innføring av mynt- og setelvalørane i den norske krona, repetering hovudrekning

Skrevet av

Margareth Moberg

Institusjon

Kinsarvik skule